Videoar om tastatur og mus

No har me fått meir utstyr til å laga video, og har sett opp eit lite studio i eit kott på skulen. Så no vil me få betre lyd og bilde, og i dag har me testa ut korleis me også kan ta opp video av tastatur og musebruk, ikkje berre av kva som skjer på skjermen og at me snakkar. Litt trangt og kronglete å setta opp, men veldig kjekt når det funkar.

IMG_1997.jpg

Ein del av elevane har aldri brukt datamaskin i heile sitt liv. Dei trenger difor grunnleggande innføring i korleis dei kan bruka ei datamus og korleis dei brukar tastaturet. I videoen om datamus trengte me å visa korleis ein holder på musa, og kva fingre me brukar. Fordi dei som aldri har brukt mus før trenger litt tid på å læra seg grepet som ligger automatisk inne hos ein del av oss andre.

Me har laga fleire videoar på dette nivået i dag. I tillegg til den om datamus har me laga videoar om dra og slipp. Dette er for å øva inn finmotorikken som trengst for å utføra oppgåver på datamaskina. Me har også laga video om bruk av Shift for stor bokstav og ulike andre teikn som utropsteikn og spørsmålsteikn.

Viss du ønskjer å bruka oppgåvene me har bruka i videoane våre, så har eg forsøkt å legga dei ope for at du kan kikka på dei og kopiera dei her.

Gi gjerne tilbakemelding viss du bruker oppgåvane våre eller filmane våre til ingrid.baltzersen@stavanger.kommune.no eller alexander.kittilsen@stavanger.kommune.no. Dette er under utvikling, så me er spente på om det funkar!

 

 

 

 

Reklame

En kommentar om “Videoar om tastatur og mus

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s