Alexander oppdaga YouTube-kanalen til Norsklærer Karense, og den har blitt ei inspirasjonskjelde for oss. Norsklærer Karense har berre holdt på i litt over eit år, men har til no laga over tre hundre YouTube-videoar for folk som lærer seg norsk. Dei er ganske enkle, ser ut som dei er laga med webkamera, og ho brukar ofte ark som ho held opp i staden for skjermvideo. Men videoane er lærerike, Karense har klart å dela opp norskopplæringa i korte, konkrete, videoar, der ho forklarer temaet på ein god måte.
Nokre av videoane er konkrete tips til norskprøvene frå A1-A2 til B1-B2*, som Video 86 Temaer for norskprøve A1 muntlig, Video 215 Norskprøven: A1-A2 skriv til et bilde og Video 182 Norskprøven A2-B1: Brev til en venn.
Andre videoar passar best for litt avanserte språkbrukarar, der ein lærer om norske idiom, som Video 168 Norske idiomer 35: Å gå i vasken eller om preposisjonar som Video 63 I eller PÅ??? 2 forvirrende preposisjoner!.
Det finst også videoar om norsk kultur, som Video 291 Nordmenn og ansiktsuttrykk og Video 326: Ting du IKKE bør si til nordmenn, ein video som skapa så mykje reaksjonar at ho måtte skunda seg å laga Video 330: Å snakke med nordmenn. Samtalestartere.
YouTube er ikkje veldig systematisk. Så viss du leiter etter noko spesielt er det lurt å sjå Video 295 Hvordan du kan bruke min YouTube kanal.
* Viss du lurer på kva språknivå A1-B2 er for noko sjå her.